Harald Foss - Eirik Jarl tekster (lyrics)

[Harald Foss - Eirik Jarl tekster lyrics]

Kom sit ikring og lya meg, eg fortelje vil
Hendingar som hendte, i vår Saga tid
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var
Nidaros var staden og Eirik han var jarl

Også i frå Hjaltland og i frå Orknøy
Til stemne var dei bedne, både mann og møy
I kappleiken på vollen dei dugnad røyna vill
Og etterpå vil jarlen halde fest og spill
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var
Nidaros var staden og Eirik han var jarl

Den fysste leik på vollen, bogaskot det blei
Og mange spende langbogen, då det på dagen leid
Men ingen råka spjotet som stilt var opp på fjell
Utan Einar i frå Lade dei kalla Tambarskjelv
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var
Nidaros var staden og Eirik han var jarl

Den andre leik dei ro ut etter Nidarfjorden vil
Og åreveden knaka då kjempene tok i
Han Torgaut ifrå Orknøy var gut som kunne ro
Og Njål og Ravn frå Island dei kom som nummer to
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var
Nidaros var staden og Eirik han var jarl

Og neste leik på vollen det var hesteskeid og renn
Med mange hestar navngjetne blant ridande menn
Men Rimfakse til Eirik jarl, han vann som venta var
Dette var ein heste, som ikke hadde par
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var
Nidaros var staden og Eirik han var jarl

Då leiken var til ende, på femte dag det leid
Då jarl let blåsa hornet, endt er nå dette skeid
Nå beda me alt folket i gildehallen inn
Om desse hende skald vil kvea, neste samla ting
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var
Nidaros var staden og Eirik han var jarl

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke