Odd Nordstoga - Borga i Ur tekster (lyrics)

[Odd Nordstoga - Borga i Ur tekster lyrics]

To elvar renn gjennom landet Ur
Møtest der, og høgt frå ein mur
Ser du opptog med faner og vimplar i vind
Der elvane møtest skrid opptoget inn

Eit bord med safirpynta beger av gull
Hyller med kunnskap, rull på rull
Salar med strengespel, song og lått
Ringdans med fløyter og harpeslått

Så snør det i landet: gløymslesnø
Borte blir borga og gløymde dei brød
Som metta dei fem tusen munnar frå korg:
Andlet ber blindt på ei tusenårssorg
Og ingen kan minnast dei linne drag
I dronningas andlet den fagre dag
Då landet her kvilte i heilag fred
Og alle hadde kjærleik å elske med

Ei dør slår opp i den stille kveld
Gjennom opningen anar du skinet av eld
Og stemmer som vinden ber fram der du trør:
Dette er noko du kjenner frå før

Ei hand spelar terning i fakkelskin
Ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin
Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:
Dette er noko du kjenner frå før

Gløym slitet for glede og frykta for sorg
Det er her, alt du treng
Det er brød i ei korg
Frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg

Sjå her, her er dagen som renn
Sjå her, her stig sola for deg
Sjå her er ei korg med brød for alle
I borga i landet Ur

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke