Odd Nordstoga - Det fine som kan bli tekster (lyrics)

[Odd Nordstoga - Det fine som kan bli tekster lyrics]

Enno er det tid til å sjå for
Seg alt det store fine som kan bli

Enno er det før det snur
Og alt vender heim til dit det bur

Alltid er det slik at juni legg
Opp det juli skuslar bort

Og mykje skal til for å innfri
Alt det ungar skulle gjort

Snart skulefri det ligg der som
Ein billett til paradis
Men du veit du skuffar når
Paradis er Arendal og is

Men enno er det tid

Eg såg for meg at du og eg
Snakka fritt ved eit bord ein stad

Men ein blygsel av å kjenne for godt
Kom og luka i det me sa

Så nok køyrer me til kysten til
Den sommaren me har lagt

Og det er headset baki og frammi er
Det på radioen det blir sagt

Ein kjenner godt at dei glir ifrå
Dei ungar som ein fekk

Me skulle bygg eit slott, ei borg
Men ei havn er det me rekk

Snart er det berre nåde for
Den barndomen me gav

Som er den bøn me kan sende til
Gud veit kor dei blir av

Men enno er det tid

Men det slepper aldri
Det slepper aldri at noko heng i hop

At om krigen kom med kuler og krut
Så var me i sama grop

Og når himmelen blir slik himmelen
Er når havet møter land

I kupeen inn stryk ein forsoningsvind som
Syng det kan gå an

For enno er det tid til å sjå for
Seg alt det store fine som kan bli

Enno er det før det snur og alt
Vender heim til dit det bur

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke