Odd Nordstoga - Malene tekster (lyrics)

[Odd Nordstoga - Malene tekster lyrics]

Det var tidleg kveld og sein april
Og lufta den blei kald og sola for
Eg hadde lua på
Ei blå ei og av ull og litt for stor
Men heimegjort, formana på av mor

Då kom male Malene
Eg målar ut ditt namn
Du var mi di då eg var din eg male Malene
I fargane fine malene malene
Ute er det vinter, og heimatt er det langt
Og livet det har kjølt seg og er fint
Eg reiste og du reiste
Og så gjekk det år på år
Men d’er deg det endå angar når d’er vår

Male Malene eg målar ut ditt namn
Du var mi di då eg var din eg male Malene
I fargane fine malene malene

Me let dei andre fara der i bilar og i song


Og att stod me å høyrde det blei stillt
Og trea ja dei bylgja seg
Og vegen ja den rann
Og handa mi den turde og den fann
No let eg handa styre og
I pennen er det blekk
På arket formar eg ditt namnetrekk
Eg skreiv det tusen gonger då
Du hadde sagt farvel
Og eg kjenner at det verkar òg i kveld

Male Malene eg målar ut ditt namn
Du var mi di då eg var din eg male Malene
I fargane fine malene malene

Tolkning for


Legg til tolkning

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke