Odd Nordstoga - I går tekster (lyrics)

[Odd Nordstoga - I går tekster lyrics]

Ser rundt meg på dei ørsmå ting
Det varme vatnet ifrå kjøkenspring
Ein omn som lyser for at den er på
Ein buss i gata som er ved å gå
På butikken er det fullt av mat
Importerte eple og grøn salat
Eg tenkte ikkje på det der i går
Eg tenkte ikkje på det

I går så var det eigne draumar
Og eigne hjartesår og snart så var det vår
I går så var det småting som
Var stort på TV'n vår
No trur eg alle vel forstår
At det der, det var i går

På radioen er det ein ting i
For no har det kome ei heilt ny tid
Som kallar fram eit velkjend mareritt
Som gjekk igjen på guteromet mitt:
Inn ifrå aust ut av ei grå, tung sky
Skar rett imot to svarte jagarfly
Eg tenkte ikkje på det der i går
Eg tenkte ikkje på det

I går så var det eigne draumar
Og eigne hjartesår og snart så var det vår
I går så var det småting som
Var stort på TV'n vår
No trur eg alle vel forstår
At det der, det var i går

I går så var det eigne draumar
Og små små hjartesår og snart så var det vår
I går så var det småting som
Var stort på TV'n vår
No trur eg alle vel forstår
At det der, det var i går

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke