Hellbillies - Bus-General tekster (lyrics)

[Hellbillies - Bus-General tekster lyrics]

Han Syver va anleggsarbeidar i
Heile sitt syndige liv
Han reiste frå anlegg til anlegg
Og brødfødde ungar og viv
Han hadde eit raudbarka andlet
Og augestein lynande blå
Som leten på Syver sin snusask
Og hatten va vidbremma grå

Han levde med lunta i neven
I eimen av sprengt dynamitt
Og dansa med dauden i berget
Men redda seg unda so vidt
Og stundo so klinka han
Glaset i brakkefest tre-stjerne-smell
Her dugde 'kji halvfabrikata
Han Syver drakk berre Martell

Han va ein bus-general pokkers te kar
Rein dynamitt ifrå vogge til grav
Jentenes gjest frikar på fest
Like solid som ein bryggeri hest

Mineringa sleit på han Syver
So hjarta hass slutta å slå
Men dokteren fekk det igang
Att med pacemaker, slanga og tråd
Han levde i tre, fire måna
Men so va're slutt og forbi
Då sprengde han likbrenningsomna til værs
Med eit gløymt batteri

Tolkning for


Legg til tolkning

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke