Herborg Kråkevik - Maria på veg tekster (lyrics)

[Herborg Kråkevik - Maria på veg tekster lyrics]

Eg vov dei dukar, raude, blå
Vov lilla og kvitt lin
Då stod så høgt eit ljos hjå meg
I sylvkvitt stråleskin

Eg våga lyfte augo, sjå la stunda vera mi
Då såg eg at han bar ei lilje
Kvit, i handa si

Då visste eg òg kven han var
Eit bod så ageleg send ifrå vår Skapar-Far
I himlane, til meg

Eg varsla vart, ein tidleg vår
Om noko rikt og stort
At livet er ei gåve som vi
Får og så gjev bort

No renn det livet gjennom meg
Ei elv av ljos, ein foss
Snart heile verda føder eg
Den Sonen, inn til oss

Ja, det er òg eit under stort
At slik ei møy som eg
Kan vera dør for slik ein konge
Bru for slik ein veg

No er vi snart i Davids by
Og børa mi er tung og enn eg ber ho utan sut
For eg er sterk og ung

Og sanneleg, sjå, Betlehem
Her veit eg det skal skje
Men finst det rom for oss i kveld
Ein stad å finne fred?

Min festarmann frå dør
Til dør han går og bed om ly
Men kvart eit hus er stengt for oss
I denne manntalsby

Så lat det bli som det vart spådd
Lat stallen bli vårt rom
I grotta duld, i løynde bu
Du skjer, Mysterium

Tolkning for


Legg til tolkning

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke