Enslaved - Krigaren Eg Ikkje Kjende tekster (lyrics)

[Enslaved - Krigaren Eg Ikkje Kjende tekster lyrics]

Eg for ut i strid då dei framande kom
Eg sloss for min heim og min buskap
Eg kjempa dei ned med mitt spjut og min boge
Så dei heime kunne eta og sova

Eg drakk og eg skråla eg lo og eg skrøyt
Av mine sigrar, mitt mot og min styrke
Eg fortalde om gullet eg fann
Hjå dei eg slakta ned for fote
Eg vakna brått ein kald og mørk morgon
Med buskapen daud og trellane rømde
All mjøden var drukken og venene reist

Då la eg i veg til lovande land
For atter å vende heim med aere
Alle som sto i vegen for meg
Skulle kjenne min styrke og vreide

Ved ein flod sto ein gammal og støl mann
Han vokta ein båt som eg trong
Eg skulle hogge han ned men sverdet brast og
Den gamle sto der og flirte

"Fattige tåpe, som aldri har skjøna
At ein krigar skal kjempe mot krigar
Aldri du vinn visst du berre ser fram
Og ikkje inn" med eit var den gamle vekk
Og vinden tok med seg båten

Ved bredda sto eg og skua
Men nådde ikkje den andre sida
Då starta kampen mot krigaren
Eg alltid trudde eg kjente

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke