Eva Weel Skram - Tusen år tekster (lyrics)
[Eva Weel Skram - Tusen år tekster lyrics]
Sist vi berre kunne koble fra
For to blei tre og ro og fred
Forsvann i alt vi streva med
Og den rytmen som vi havna i
Gjekk i utakt med vår melodi
Og det som før var trygt og godt
Blei kvardagar av kvitt og grått
Alt det som skjedde gjorde oss redde
Men vi holdt fast
Når sola går ned så e vi her
Når vinden tek tak e vi nær
Og vi kan være her i tusen år
Vi held fortet og vi veit det står
Stenge stormen ute berre vent og sjå
Ja, vi kan være her i tusen år
Så lenge vi er saman veit eg det går
Kan'kje sjå på alt vi ikkje rakk
Heller sjå meg rundt og sei takk for dagane
Så fulle av dei fargane som gjer meg glad
Og den songen som vi skriv ilag
Det blei songen min frå fyrste dag
Og alt imellom linjane
E livet vårt og alt det e
Vi rota og ramla men sjå kor vi havna
Sjå på oss no
Vi kan være her i tusen år
Vi held fortet og vi veit det står
Stenge stormen ute berre vent og sjå
Vi kan være her i tusen år
Så lenge vi er saman veit eg det går
For når sola går ned så e vi her
Og om vinden tek tak står vi nær
Og vi kan være her i tusen år
Vi held fortet og vi veit det står
Stenge stormen ute berre vent og sjå
Du kjenner hjertet mitt kor hardt det slår
Så lenge vi er saman veit eg det går
Berre være her til evig tid
Så lenge du e her og eg e di
Då kan vi være her i tusen år
Så lenge vi e saman veit eg det går
Da veit eg det går