Glittertind - Tvilar på alt tekster (lyrics)

[Glittertind - Tvilar på alt tekster lyrics]

Eg tvilar alt eg høyrer
Dei trur mest eg er gal
Kan hende var ein vantru aldri heilt normal

Ein gong så var eg kjettar
Dei slengde meg på bål
Ein storm som aldri lettar
Ei undring utan mål

Eg tvilar og eg tvilar eg tvilar på alt
Det som eg er fortalt eg tvilar på alt
For då trur eg aldri galt så eg tvilar
Eg tvilar på alt!

I djupe gruvegangar
Eg hamrar stein for stein
Bak undring ligg forundring
Og eg finn aldri heim

Ein løgn kan vere sanning
Og sanning tomme ord
Det kviler ei forbanning mot denne arme jord

Og leiarar held talar
Som vismenn veit er tull!
Og makta sit i salar
Der ord er kjøpt av gull!

Eg tvilar på alt det som eg er fortalt
Eg tvilar på alt for då trur eg aldri galt
Så eg tvilar, eg tvilar eg tvilar
På alt! Så eg tvilar
Eg tvilar på alt

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke