Leaves’ Eyes - Sigrlinn lyrics

[Leaves’ Eyes - Sigrlinn lyrics]

Du ville heim fara som du eingong lova
Ingen kunne gjeva meg meir
Du som meg sveipte i brurelin
Men runer dei meir visste enn eg ville vite

Han ville heim fara som han deg eingong lova
Ingen kunne gjeva deg meir
Han som deg sveipte i brurelin
Men runer dei meir visste enn ho ville vite
Mot din vilje møy mot din vilje
Frå garde han fór frå garde han fór
Kaldvind herja uvettet ylte
Jordi ho skalv frå garde han fór
Mot min vilje eg fór frå garde
Eg ville gjeva deg meir
Som eg deg eingong lova
Du Sigrlinn Atles dotter

I soli lyser perlebandet
Du er fager men sorg du gjev meg
Over huldreheimar vil du fara


Såre sorgi set åt meg no

Vilt eg fór og vitlaus var eg til
Illkvasse augo på Frøya
I tåka over doggvått fjell
Eit trihovda troll meg slengde

I skjold det skalv mine brødrar drap du
Gull og sylv du aldri hadde
Vilt du fór og vitlaus var du
Frøya’s augo illkvasse illkvasse

Sigrlinn eg heiter
Eg er Atles dotter Sveinungs møy
Du åleine i djupe daler du kom aldri heim

Eg finn ikkje ord som kan trøyste
Eg finn ikkje glede i livet
Som mit eige liv elska eg han

Han ville heim fara som han eingong lova
Ingen kunne gjeva ho meir
Han elska ho i brurelin

Interpretation for


Add Interpretation

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Interpret