Herborg Kråkevik - Kaldt og myrkt og lite sol tekster (lyrics)
[Herborg Kråkevik - Kaldt og myrkt og lite sol tekster lyrics]
Såleis er det fram mot jol
Snø og is all jorda gøymer
Allting ligg i seng og drøymer
Barnet spør, kor langt det lid
Enno fram mot joletid
Mor så mangt har med å fara
Likevel ho støtt lyt svara
Verda fekk ein liten gjest
Difor held me barnefest
Bror og syster, lat oss kveda
Saman om den store gleda
Fattig barn til verda kom
Barnet vende verda om
Under stort, ja, utan like
Det er Jesus og hans rike
Han som kom, seg sjølv oss gav
Fekk ein krybbe og ein grav
No vil me med gledeståre
Gje han rom i hjarta våre