Glittertind - Etter stormen tekster (lyrics)

[Glittertind - Etter stormen tekster lyrics]

Etter stormen såg eg ingenting
Ingenting av alt eg såg
Etter stormen dreiv eg rundt i ring
Og undra på kor landet låg

Etter stormen blanke auge bar
Himmelen så rar og bleik
Etter stormen fann eg ingen svar
Viljevarden visna veik

Eg kom drivande som båt i brann
På dei blåe bylgjer knust i strand
Eg drøymde ein draum eg trudde var sann
Eg livde eit liv som forsvann

Etter stormen reiv ut ryggen min
Såg eg ingen slott som skein
Etter stormen ingen glitretind
Såg eg ingen himmelheim

Eg var ’kje klar for denne kalde jord
Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum eg trudde var sann
Eg livde eit liv som forsvann

Eg ville flyge langt derifrå
Ut til allheimen den blå
Eg virra rundt i ein ynskjebrunn
Og lengta etter mysterium

Sjå verda spinn bak det kvite-grå
Med alle skapningar på skrå
Me virrar rundt i ein ynskjebrunn
Og lengtar etter mysterium
Eg var ’kje klar for denne kalde jord
Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum eg trudde var sann
Eg livde eit liv som forsvann

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke