Glittertind - I djupet lokkar ein eld tekster (lyrics)

[Glittertind - I djupet lokkar ein eld tekster lyrics]

Eg er heilt åleine med tårar på kinn
Rundt meg er murar og ingen kjem inn
Dei ropar om kjærleik dei ropar om fred
Men det er ikkje meg det er ikkje meg

Så sint og fortvila og lei av meg sjølv
Senker eg sorga i brennvin og øl
Der nede i djupet der kan eg sjå
Ein varde som lyste opp himmelen blå
Eg kan ikkje sjå meg attende!
Kirsebærblomane fell
Eg kan ikkje sjå meg attende!
Dag har blitt natt, morgon til kveld
Og i djupet lokkar ein eld

Den dagen då sola ikkje kraup opp:
Kan hende eit hjarte kan knuse ein kropp?
Kan hende min elskling finst bak eit slør?
Og nede i djupet ho opnar ei dør
Og nede i djupet er allting som før

Eg kan ikkje sjå meg attende!
Kirsebærblomane fell
Eg kan ikkje sjå meg attende!
Dag har blitt natt, morgon til kveld
Og i djupet lokkar ein eld

Eg kan ikkje sjå meg attende
Dag har blitt natt, morgon til kveld
Og i djupet lokkar ein eld

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke