Glittertind - Mot Myrke Vetteren tekster (lyrics)

[Glittertind - Mot Myrke Vetteren tekster lyrics]

Velkomen atter hit til våre grender
Velkomen her, du sæle sumarkveld
Med lauv og gras utyver alle strender
Og gule blomar i den grøne feld
Med lette småsky, lagd i lange render
Som trådar i det høge himmeltjeld
Og med den milde ljossken, som seg breider
Utyver fjell og fjord på alle leider

Den siste solblenk er i havet sokken
Den fyrste kjem snart or den låge grop
Ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken
Og kveld og morgon renna heilt ihop
Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken
Og helsar morgonen med glederop
So riser soli til den lange svingen
Og set ein annan let på heile kringen
Kom, lat oss nøyta tidi, som ho skrider
Og minnast, at ho skrider ofsa fort
Med kvar ein dag, med kvar ein kveld
Som lider
Eit stig mot myrke vetteren er gjort
Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider
Er fallen av, og slikt eit fall er stort
Di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar
Og nøyta sumar'n, fyrr eg honom saknar

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke