Solefald - Raudedauden lyrics

[Solefald - Raudedauden lyrics]

Ein haustdag på fjellet
Gjeng ei kjerring med rive
Daudens raude dotter
Et fingrar frå eit knyte

Med handi for augo skyggjer ho for soli
Ho fer gjenom heimen der svartedauden fór

I dei gule augo lyser bjarte hatet
Blodet strøymer yver skallen
Eit skaut frå farne dagar "Dauden den raude
Eg skal vitja kvar gard sope kvar krok"
Mekrar kjerringi

"I jordi med kristenfolket
Fyrr gjev eg meg ikkje raudedaudens rive
Vert det siste dei ser

Eg matar flugor og rottor
Med deim som rudde landet
Ingen gnagar skal svelte


Ingen rovfugl hungre

Kvar knok fram i dagen
Ut i soli med kvart bein"
I stilla etter heksi ligg vangane aude

Interpretation for


Add Interpretation

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Interpret