Lillebjørn Nilsen - John Riley tekster (lyrics)

[Lillebjørn Nilsen - John Riley tekster lyrics]

Eg gjekk meg ut ein morgon tidleg
Og anda inn den svale vind
Kven anna såg enn fager jenta
Med mjuke liljekvite kinn

Eg stogga henne og blidt eg spurde:
Sei, vil du vera ein sjømanns viv?
Å nei, gode herre, eg vil heller vente
Og leva møy i all mi tid

Kva gjer dei annleis enn alle andre
Kva gjer deg annleis enn alt som er?
Så ung og fjåg, så fin og fager
Du kan ekte meg om du har meg kjær

Å nei, gode herre, eg kunne vore
For tre år sidan i ektestand
Men min John Riley han drog or landet
Og eg ber enno sorg for han

Far bort med meg og gløym din Riley
Far bort med meg til ei framand strand
Så set vi segl for Pensilvani
Farvel for alltid til Engeland

Eg fer kje med deg til Pensilvani
Eg fer kje med deg til ei framand strand
Om aldri meir eg får sjå min Riley
Rett aldri gløymer mitt hjarta han

Då han no såg at ho var trugen
Då tok han henne i famnen inn:
Eg er den Riley som sårt du sakna
Den lenge sørgde kjærvenen din

Om du er han og ditt namn er Riley
Då fer eg med deg til ei framand strand
Så set vi segl for Pensilvani
Farvel for alltid til Engeland

Dei knytta band med hug og hjarta
Til kyrkja gjekk dei hand i hand
Og segl dei dette for Pensilvani
Og levde sælt i ektestand

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke