Lillebjørn Nilsen - Valle Auto og bensin tekster (lyrics)

[Lillebjørn Nilsen - Valle Auto og bensin tekster lyrics]

Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal
Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin
Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald

Så eg spurde: Vil du vere venen min?
Men ho svara at: Eg er nok ikkje fri
Eg har ein som eg vil elske all mi tid
Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann
Som kan spele slik som berre setesdølar kan

(Og særleg om han speler Sordølen, da:
Sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei)

Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler
Men du kan vel også følgje med?
Eg blei svartsjuk og sa: Eg
Vil'kje ha det der!
Denne fela der skal jaggu halde fred!
Og så satt eg med gitaren på mitt kne
Og eg øvde trutt og talde: ein to tre
Og då helga kom så sa eg: Snille jenta mi


No skal eg få spele danselåta di!

(Og så spelte eg Sordølen, da: Dælælæ)

Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal
For ho visste ikkje kven ho ville ha
Og slik er det med ei jente som er dansegal:
Ho kan like gjerne svare nei som ja
Så no sitt vi her og speler både to
Og ute der på golvet svive ho!
Og i morgon som ho søv den beste svevnen sin
Må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin

Tolkning for


Legg til tolkning

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke