Lillebjørn Nilsen - Reisa Til Amerika tekster (lyrics)
[Lillebjørn Nilsen - Reisa Til Amerika tekster lyrics]
No vil eg reisa
Over til Amerika "jes ålreit!"
Eg vil'kje gå her heime der alle er så sleime
Til å gjere ablebøy og skrøne vidt og breidt
Visstnok er her fagert
Men altfor mykje magert
Her finst nok ikkje lukka kor
Du vender eller snur
Men burt i Minnesota der
Gjeng det plenti guta
Og hist i Juta veit me at mormonerane bur
Og straks du kjem på bryggja
Så byrjar også hyggja
Der kjem ein jænki flott og
Sei: "Gu morning miss, mai dir
Min hjarte stend i lue og ve du bli min frue
Så skal ditt llv heretter verte
Berre dans og flir"
Og grevar og baronar dei gjeng som lasaronar
Og dollarprinsesser hev me der som
Eple på ei grein
Og gullet det ligg i klumpar
For foten så du stompar
Og fell og slær deg nasablod
I diamant og edelstein
Og kista hev eg pakka og alle hev eg takka
No vil eg reisa over
Til Amerika "jes ålreit!"
Eg vil'kje gå her heime der alle er så sleime
Til å gjere ablebøy og skrøne vidt og breidt