Lillebjørn Nilsen - Bonden Og Kråka tekster (lyrics)
[Lillebjørn Nilsen - Bonden Og Kråka tekster lyrics]
Heifara, i vedaskog
Då sat det ei kråke i lunden og gol
Heifara falturilturaltura
Mannen, han tenkte med sjølve seg
Heifara, med sjølve seg:
Å tru no den kråka vil drepa meg?
Heifara falturilturaltura
Og mannen, han spente sin boge for kne
Heifara, sin boge for kne
Så skaut han den kråka så ho datt ned
Heifara falturilturaltura
Så spente han føre dei folane tolv
Heifara, dei folane tolv
Då køyrde han kråka på låvegolv
Heifara falturilturaltura
Av skinnet så gjorde han tolv par skor
Heifara, tolv par skor
Det beste paret det gav han til mor
Heifara falturilturaltura
Og kjøtet, det salta'n i tynner og fat
Heifara, i tynner og fat
Og tunga den hadde'n til jolemat
Heifara falturilturaltura
Av tarmane gjorde han tolv par reip
Heifara, tolv par reip
Og klørne dei brukte'n til møkkagreip
Heifara falturilturaltura
Av augo så gjorde han stoveglas
Heifara, stoveglas
Og nakken den sette'n på kyrkja til stas
Heifara falturilturaltura
Av nebbet så gjorde han kyrkjebåt
Heifara, kyrkjebåt
Så folk kunne ro både til og frå
Heifara falturilturaltura
Og hjartet det satt' han på fiskekrok
Heifara, på fiskekrok
Og ingen har sett slik ein fisk han drog
Heifara! Falturilturaltura
Og da det så ikkje var meir å ta
Heifara, var meir å ta
Så drog denne kar'n til Amerika
Heifara! Falturilturaltura
Og den som 'kje kråka kan nytta så
Heifara, kan nytta så
Han var ikkje verd 'e ei kråke å få
Heifara falturilturaltura