Glittertind - Kvilelaus tekster (lyrics)

[Glittertind - Kvilelaus tekster lyrics]

Ei stemme eg høyrer frå urgamal tid
Kviskvarar eit stev åt meg
Om folka som bur og vandrer på jorda
Med lengslar heim til ein Gud

Ein tryggleik så stor
Og ein kjærleik så raus
Dei kan ikkje vera aleine!
Dei trenger ei tru og eit håp
Noko som lettar ei pine for livet er mektig
Og livet er stort!
Kva skal ein eigentleg meine
Om kva ein no er, og kva ein no gjer?
Det er ikkje så enkelt å sei det

Så mange tankar gjev ingen svar
Dei lurar seg sjølv for det meste!
Kjem det ein dag då all ting blir bra?
Blir urgamal pine til glede?

For tider har kome og tider har gått
Men tida er no for dei fleste!
Og folket det ber medan Gudane ler
Mot himmelen dei ser for å leva

For livet er mektig og livet er stort!
Kva skal ein eigentleg meine
Om kva ein no er, og kva ein no gjer?
Kva skal ein eigentleg meine
Om kva ein no er, og kva ein no gjer?
Det er ikkje så enkelt å sei det

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke