Glittertind - Likvake tekster (lyrics)

[Glittertind - Likvake tekster lyrics]

Så sit eg her og klemmer din hand
Den som no er kald
Og minna slår og strøymer i meg
Frå livet du gav til du fall

I kveld skal djevelen vandre sin veg
Demonar skal miste si tru
For eg skal vake over min skatt
Og kysse eit siste god natt

Den dagen då du heldt kring min kropp
Og jubla over mitt skrik
Du kviskra meg i øyret og sa
At me var perfekte slik
Eg møtte verda så hjelpelaust
Men du kunne syne ei bru
For du såg slik ein fager skatt
Og kyste meg kjærleg god natt

Eit blafrande ljos jagar skugge svart
Og skremmer burt ormar og angst
Din hud er så bleik under månen blank
Men sjela di skal snart
Få stråle langs himmelen bjart

I kveld skal djevelen vandre sin veg
Demonar skal miste si tru
For eg skal passe på deg min skatt
Og kysse eit siste god natt

Tolkning for


Legg til tolkning

Legg til en utvidet tolkning

Hvis du vet hva utøveren synger om, kan lese «mellom linjene» og kjenne sangens historie, kan du legge til en tolkning av teksten. Etter verifisering av våre redaktører, vil vi legge det som en offisiell tolkning av sangen!

Siste lagt tolkninger til sangtekster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Tolke